The Fjermestad`s

av Ingfrid Fjermestad

Nord for Haugesund går det ein veg langs sjøen. Der er holmar og skjer, og fine badeviker. Til høgre går ein smal veg; han svingar seg oppover forbi eit par hus, og endar opp i flåfjell og einarbuskar. Her, på eit småbruk, vaks det opp ei fin, stillfaren og flink jente: Inger Oline Støle (1876-1960) Som ganske ung kom ho til Jenteskulen på Åsland i Time. Der lærde ho gardsdrift både ute og inne. Åsland er nabo til Fjermestad, og der frefte ho Tollef Fjermestad (1867-1943) frå den vesle garden Småberg. Dei gifta seg og fekk 10 born. Dei vart mine far-foreldre.

To av sønene, Børge (1903) og Toralf (1905) drog til Canada då dei var omlag 20 år gamle. Det slo seg ned på prærien i Saskatchewan nær den vesle byen Birch Hill. Etter 10 år reiste Børge heim att. Det hadde vore fleire uår og lita avling. Han hadde Rakel som venta heime, og dei gifta seg og han vart skomaker på Bryne.

Toralf hadde gifta seg med Nora Skrudland frå Bryne. Ho hadde kome til Canada i lag med foreldra og ei søster. Dei fekk seks born; Gudrund (Victoria), Lloyd (Calgary), Sonja (Indiana, USA), Micael (Kolowna), Bernice (Fort St. John) og Inger Marie (White Horse, Alaska). For å brødfø familien, arbeidde Toralf også som snikkar, og han var borte veker om gongen. Det var einsamt for Nora og borna ute på prerien Tre gonger "prøvebudde" dei i Birch Hill, før det flytta heimehuset dit.

Det me visste om livet deira i Canada høyrde me frå Børge, breva til farmor og kort til jul. På veggen heime hadde me eit familiebilete av Nora og Toralf og fire av borna, teke få år etter krigen.

På familiebiletet t.h.sit Nora og Toralf med Gudrun og Lloyd bak, Sonja og Micael melllom dei.

Først etter 40 år kom Toralf heim ein tur, og då var begge foreldra døde. Bernice fortalte at ho aldri ville gløyma heime på kjøken då telegrammet om at farmor var død, kom. Toralf hadde alltid lengta heim, og sjølv om han heldt god kontakt med mora og Børge, ville han ha lite snakk om Norge. Det var for vondt. Han var heime tre gonger i alt, og eine gongen var Micael med. Han døydde bare vel 50 år gamal, og eg er glad eg fekk treffa han.

Seks søskenbarn samla på farmen:. Frå venstre Gudrund Brown (1933-2016), Lloyd Fjermestad (1936), Torbjørn Fjermestad (1948), Sonja Primeu (1938), Ingfrid Fjermestad (1942), Bernice Gordon (1948).

I 2008 reiste bror min, Torbjørn, og eg til Canada for å sjå farmen og Birch Hill. Gudrund, Bernice, Torbjørn og eg køyrde frå Vancouver til Birch Hill. Me overnatta først i Kolowna hos Dixie, enkja etter Micael. Det hadde i langt tid vore ein stor brann i området, og han nærma seg husa. "Eg er redd" skreiv Dixie på mail. Brannen vart sløkt få meter frå huset hennar, og det var svart og lukta brann då me kom.Inne var det bilete av Micael som ridande politi. Han hadde den fine uniformen med den raude jakken på seg, Han hadde fleire gonger vore i Russland for å læra frå seg. På veggen over garasjen hadde Micael svidd inn med STORE bokstavar "The Fjermestads". Slikt gjer noko med ein....

Ein sein ettermiddag kom me til Calgary. Der låg byen så flat, så flat. Ikkje visste eg at det var ein "oljeby" Der overnatta me hos Lloyd og Judy, og dei var med oss dagen etter. Me skulle møta Sonja med mann, dotter, svigerson, og barnebarn i Prince Albert. Dei var komne frå Indiana. Sonja hadde gifta seg med Reg og flytta dit ganske ung. Han var proff hoceyspelar der. I Prince Albert var me nær målet, og utpå dagen drog me til farmen. Eg såg for meg dei to unge gutane som skulle ta fatt der ute. Der gjekk vegen, nå tilgrodd med gras, innover under nokre tre, restane av fleire småhus, tomta der heimehuset hadde stått, Restane av ein bil som kunne varmast opp med kol og murstein. Faren køyrde dei ungane som gjekk på skulen i Birch Hill med denne bilen. Om vintrane varma han godt opp- "og så stappa han oss inni". Dei fire første åra gjekk dei på skule nokre hundre meter frå heimen. Det hende at veret var så fælt at faren måtte køyra dei dit og. Ein gong gjekk Bernice seg vill på heimvegen, og faren måtte leita etter henne med lykt. På plassen der skulen hadde stått, var det nå ei plate med etternamna på dei som hadde gått på skulen, og lærarane. Utanom Fjermestad, stod namna Birkeland, Søyland, Høiland, Hetland, Nevland, Thu. Lærarar: Lima, Njaa, Salen, "Seinare vart me sette på toget til Prince Albert for å gå vidare på skule. Og frå då av måtte me greia oss sjølv" sa dei og smilte. Og alle fekk seg eit yrke.

På farmen synte Gudrund den delen der Børge hadde budd. Han hadde grave huset ned i bakken, men med tretak. Romet var så lite, sa ho, at det var nest bare plass til trunken hans. Det var Micael som hadde overtatt farmen, og han var gravlagd der Eit enkelte trekors med namnet hans på, på tomta der huset hadde stått langt ute på prærien i Saskatchewan..Denne dagen låg det blomar på grava hans, og me stod der kvar med våre tankar. Likeeins var det ved grava til Nora og Toralf. Sola heldt på å gå ned, og det vart eit fint lys innover mellom trea.

Så kom me til huset som var flytta frå prærien. "Eit kvitt hus i eit vegkryss, med grasslette rundt" sa Toralf. Der stod det nett slik han hadde sagt. I utkanten av Birch Hill,, heimen til han, Nora og borna på prærien og her. Nå såg me det. "Koss he dei det!" lurte me på i barndomen.

Huset som stod på farmen og i Bitrch Hill var finare før,sa dei. Det gjekk ein veranda rundt med ei trapp ned.

Nora og Toralf var gode foreldre, det kom fram i alt borna sa. Om søndagane drog dei mange gonger til ei elv. Dei hadde med mat og bade når veret tillet det. Ein gong kvar sommar køyrde dei til ein stor nasjonalpark på dagstur. Det var ein lang tur og dei for heimafrå tidleg, fullasta med mat, drikke og tepper. Parken låg ved ein innsjø, så dei kunne bada. Då me var på veg dit, og såvidt kunne skimta sjøen mellom trea, sa dei at her starta gledeshyla våre...

Då me var i Prince Albert, såg me huset til Gudrun, og skulen der ho hadde vore lærar. Me såg også den gamle frisørsalongen der Nora og jentene "fjonga" seg før biletet som skulle til Norge. "Me måtte sjå fine ut". Seinare drog Gudrund og mannen til Alaska og dreiv eit lite hotell ved hovedevegen. Som barn høyrdest det "romantisk" ut, men Gudrund kunne fortelja at det var mykje arbeid, kaldt, vanskeleg å få maten fram, og det var svært kaldt å tappa bensin frå ei einsleg pumpe ved vegen. Særleg travelt var det om vinteren når alle fangstfolka kom ned frå fjella. Inger Marie budde også i Alaska, i White Horse. Ho var politisk rådgjevar, og ho treivst godt, om det var litt tøfft. Men ho fekk MS og måtter slutta bare 5o år gamal. Nå har ho flytta nærare dei to sønene sine.

Sjølv om dei seks syskena budde langt frå heimen og langt frå kvarandre, hadde dei eit godt samhald. Dei var mykje i lag. Dei ni andre syskena til Toralf vart alle busette på Jæren, og me var ein heil "klan" som heldt i hop. I selskap, dåp, konfirmasjin, bryllup, gravferd, og tur kvar sommar til Eikeland Aua (opp av Brusand) der tanta Maja budde. Me fylte bussen til Jon Fjermestad med vaksne, ungar og mat, og var der ein heil sundag. "Lucky you" var kommentaren frå syskenborna i Canada.. Først i 2008 forstod eg verkeleg kva familien har å seia. For oss her var det sjølvsagt at me var mange og i lag.

Før far min, Alf, døydde, sa han at me måtte halda kontakten med Toralf sine.

Ingfrid Fjermestad 31 oktober 2016.

Gudrund som Ingfrid nevner, var født 5.mars 1933 i Birch Hills, Saskatchewan. Hun døde fredfult 21. mars i år Ingfrid skriver også om henne i aprilutgaven (Red. anm).