Øyvind Nordsletten

Øyvind Nordsletten er fødd i 1944 og vaks opp på Bryne. Han arbeidde i over 40 år i norsk utanriksteneste og var mellom anna Noregs fyrste ambassadør til Ukraina. I nestan ni år frå 2000 - 2008 tenestegjorde han som ambassadør i Moskva. Frå 2008 til 2011 var han norsk sendemann til Irland. Under opphaldet der interesserte han seg òg for den store irske utvandringa til Nord Amerika, ei utvandring som har mange parallellar til emigrasjonen frå Noreg. Det er om dette han vil fortelja på møtet i Sons of Norway. Nordsletten har restaurert eit gamalt hus på Hognestad der han og kona nå bur. 
Comments