Vegen vidare vest

Velkomen til "Vegen vidare vest!"

Ein forteljarførestelling om det første norske emigrantfølgje og kva som hende då dei kom til Amerika! v/forteljar Anne Elisebeth Skogen

Forteljar Anne Elisebeth Skogen har vitja Sons of Norway, Leiv Eiriksson Lodge tidligare. Også denne gongen fortel ho om det første norske emigrantfølgje som forlèt Stavanger i 1825.

Denne gongen får vi høyra om kva som hende med dei når dei nådde New York. Etter ei lang sjøreise, brukte følgjet enda nokre veker på å komma frå New York til Kendall ved Ontariosjøen, Up-state New York.

I Kendall hadde Cleng Peerson, som reiste i førevegen, kjøpt land til dei andre. Kva hende, og kom alle fram til det lova landet? Kva møtte utvandrarane i Kendall og korleis blei liva deira vidare?

Det får du høyre om i forteljinga ”Vegen vidare vest”