Time-fane fram frå gløymsla
I 1916 sende Time kommune ei flott fane som gåve til timebuar som hadde utvandra til USA. Nå har fana kome til rette. Ho låg i ein kjellar i byen Missoula i staten Montana. Måten Tarald Oma fann fana på, er nesten for utruleg til å vera sann.
Publisert først i Jærbladet 29.07.2002
HELSING FRÅ THIME: Sharon og Rolf Tandberg med fana som vart sendt til utvandra timebuar i USA i 1916. Dei visste lite om bakgrunnen til fana som dei har hatt i kjellaren dei siste 10 åra. (Privat foto) 
Av KJELL OLAV STANGELAND 
– Det var i samband med at ordførar Arnfinn Vigrestad vart invitert til eit slektsstemne i Washington til ein utvandra familie frå Undheim, tanken om å finna att fana vart lansert. Eg resonnerte meg fram til at fana truleg måtte vera i austre del av Montana, sidan det der var ein stor kontigent frå Time, fortel Tarald Oma som er president i Leiv Eriksson Lodge nr. 21. 
– Det viste seg at få av dei norsk-amerikanske lodg´ane der hadde e-post adresse, og då eg fann adressa til ein lodge i midtre del av Montana i ein by som heitte Missoula, sende eg e-post også dit. 
I løpet av eit døgn kom det svar derifrå. Sharon Tandberg er leiar for Normanden 424 i byen, og ho trudde knapt det ho las i e-posten. Bestemor til Sharon heitte Jennie Bø. Ho utvandra frå Jæren til USA i 1916, same året fana vart sendt vestover. Jennie Bø, som budde i Glendive, Montana, døydde i 1990, og på garasjeloftet fann dei ei fane. Den fekk etterkvart Sharon Tandberg, men visste verken bakgrunnen til fana eller kva ho skulle gjera med henne. 
To dagar etter at Tarald Oma hadde sendt e-posten, fekk han ikkje bare positivt svar kor fana var, han fekk også elektronisk fargefoto av fana. 
Oh my God! 
– Då eg skulle slutta av for dagen, sjekka eg e-posten og fann ein e-post frå deg. Sidan eg arbeider i dataavdelinga i fylkesadministrasjonen er eg svært godt klar over faren med å få virus frå ukjende e-postadressar. Normalt ville eg derfor ha sletta e-posten frå folk eg ikkje kjenner, men av ein eller annan grunn opna eg meldinga frå deg, skriv Sharon Tandberg i svaret. 
Arbeidskollegaene mine forstod at noko spesielt hadde skjedd då eg begynte å ropa «Oh my God!, I don´t believe This, eg må heim». Eg gav uttrykk for at noko stort hadde skjedd, og at at eg måtte heim og undersøka. 
Sharon Tandberg drog heim og opna ei lang trekiste som hadde stått der i mange år. 
– Eg skjelv her eg sit og skriv. Eg meiner eg ser på fana du etterlyser! Beskrivelsen din passar heilt perfekt. Eg har høneskinn og tenkjer på bestemor som kom frå Nærbø. Kva er oddsa for at eg skulle vera president i Nordmanden lodge akkurat på det tidspunktet du leita etter fana, få denne e-posten og at eg skulle ha fana!, spør Sharon Tandberg. 
Ho fortel vidare at fleire av slektningane til Jennie Bø følgde etter henne til USA. Ho gifta seg med Rasmus Garmoe (norsk-amerikanar med namnet frå Lom). Då ho døydde i 1990, 99 år gammal, vart fana funnen på loftet i garasjen. Grace og Norman Lunde, onkel og tante til Sharon Tandberg, tok vare på fana og gav ho etterkvart til Sharon.
– Sidan ingen visste kva ein skulle gjera med fana, hadde me planar om å gi ho til Vesterheim utvandrarmuseum i Decorah, Iowa. Nå er eg glad at eg aldri kom så langt å få gjera det. Ho har vore her i kjellaren sidan eg fekk ho, skriv Sharon Tandberg som framleis har mange slektningar her i distriktet, og som besøkte Norge for to år sidan.