Tarald Oma 70 aar

(Mandag 8. november 2010 Stavanger Aftenblad - Foto Stavanger aftenblad)

Tarald Oma, Oma i Time vert 70 år tysdag 9. november 2010.

- Målet mitt er å kunna pløya jorda til eg 85, seier bonden som for rundt ti år sidan gav frå seg garden til neste generasjon.

- No berre arbeider eg her. Det er garden som er livsverket Målet har heile tida vore å gjera den betre.

- Me har alltid budd fleire generasjonar her. Saman har me greidd å byggja garden opp til eitt av Norges fremste mjølkebruk. Eg er stolt av det me har fått til, seier han.

Men det er som initiativtakar der og uredd forkjempar for Nasjonalt Garborgsenter han har vist best igjen dei siste åra. Og han la ikkje skjul på meininga si om korleis det skulle gjerast.

- Eg har alltid tykt det er rett å stå på det eg meiner. Eg har liten sans for dei som snusar seg fram og fylgjer fleirtalet. Ein god debatt syter for at ei sak vert opptyst frå så mange sider som råd. Så er det fleirtalet som fattar vedtak.

- Du tapte?

- Eg meiner framleis at det er veldig spesielt å byggja eit nasjonalt senter for ein av Norge største forfattarar utan å leggja vekt på arkitekturen. Det trur eg aldri har skjedd i Norge før.

Han og kona, forskingsminister Tora Aasland svingar seg framleis i gammaldansen når dei har høve til det Men som statsråd har ho så mykje å tenkja på, at det vert ikkje så ofte som før.

- Me nyttar kvart høve til å koma oss på dansegolvet. Det er helsebot.

Han tenkjer forresten på dette med helse. Det viktigaste ønskjet no er å få ha den i orden. Han prøver å gjera sitt med å vera aktiv og bruka både kropp og hovud.

Aktiv partipolitikk slutta han derimot med då kona vart fylkesmann. Det politiske høgdepunktet var lenge før det, som nestleiar på landsplan for i Senterungdommen.

- Då kom det store politiske skiljet og Per Borten vart statsminister på 1960-talet Det var ei veldig interessant tid.

Då Sp søkte samarbeid med Høgre etter EU-røystinga i 1972, melde han seg ut. Seinare var han i Time kommunestyre for Venstre og hadde også andre politiske verv.

Engasjementet i Sons of Norway er blant det han har trappa opp dei siste åra. Han er nå visepresident i Leiv Eiriksson Lodge.

Tre turar i utvandrarane sine fotspor har det vorte. Til saman har dei kryssa USA frå New York til Seattle. Siste turen var no i september. Gjennom prosjektet Migrasjon Rogaland skal også rogalandshistoria om utvandringa samlast.

- Eg tykkjer det er viktig å få samla informasjon om den største hendinga i norsk historie, utvandringa til Amerika, seier han.

Han arbeider framleis som dagleg leiar for vaksenopplæringsforbundet i Rogaland, men er i ferd med å trappa ned.

- Men eg vil ikkje slutta å arbeida. Det står igjen å sjå om eg greier å pløya til eg er 85. Men eg har godt å slekta på slik. Dagen feira han saman med med inviterte gjester på Karlsbu på Høg-Jæren lørdag.

-Det måtte vera noko skikkeleg jærsk.

reidun.gudmestad@aftenbladet.no Mandag 8. november 2010 Stavanger Aftenblad