Jernbryllup

Samhald gjennom 70 år

Solveig og Harald Skretting har halde saman i 70 år. 16. juni er bryllaupsdagen, jernbryllaupet vart feira i helga saman med familien. FOTO: Steinar Sandvik

Solveig (93) og Harald Skretting (97) måtte vente til freden kom før dei kunne feire bryllaup.

Publisert:

14.06.2015 kl 13:14

Oppdatert:

14.06.2015 kl 13:17

No er det 70 år sidan dei gav kvarandre sitt ja i Varhaug kyrkje. Harald Skretting er på besøk hos kona Solveig som har fått plass ved Hå sjukeheim på Nærbø. Sjølv bur han på Varhaug bu- og velferdssenter.

Venta på freden

Ekteparet tenkjer tilbake på junidagane i 1945 og fortel at dei eigentleg hadde lyst å gifte seg litt tidlegare på våren.

– Men svigerfar sa at vi måtte vente til det vart fred, fortel Harald, – og slik vart det. Vi feira bryllaup 16. juni, og det var sokneprest Brekke som vigde oss. Deretter var det fest for mange gjester i heimen til Solveig. Etter ein fredsvår med mykje fint ver, var det tunge haglbøyer frå nordvest på bryllaupsdagen vår, men finveret kom tilbake.

Søndag var det nye fest. Då feira jernbrudeparet saman med familien. Tysdag vert det ope hus på velferssenteret tysdag 16. juni frå kl. 16.

Sælaste gut i bygda

Solveig er fødd Tunheim, faren Hallvar var lærar og klokkar på Varhaug. Ho og Harald vaks opp i same bygda.

– Eg såg Solveig i mange år før eg såg noko i ho, smiler Harald. – Vi var saman i ungdomslaget, musikklaget og blandakoret, seinare leiarar i yngres.

– Ein søndag føremiddag hadde eg eit ærend til klokkargarden. På det øvste trinnet i byslagstrappa sat Solveig. Eg stod med ryggen mot sola som skein opp ansiktet til Solveig. Då møttest augene våre. Det er utruleg kva augene kan seie. Vi avtalte ein sykkeltur seinare på kvelden. Frå då var vi kjærestar, og eg var bygda sin sælaste gut.

Dei forlova seg hausten 1943. Harald opplevde at det var lenge å vente.

– Vi trefte kvarande i uluke samanhengar og var nok litt for nær kvarandre til å vere frå kvarandre, seier han.

Innearbeid

Harald var eldst av gutane på Reiestad, og han skulle at over garden, men først måtte han ut i militæret. Difor gjekk det ei tid før dei nygifte flytta inn på garden. Heime var Solveig vand med arbeid på gard og i fjøs, men på Reiestad vart det mest arbeid i heimen.

– Eg var mest heime, fortel Solveig. – Litt mjølking vart det, men det var ikkje noko jamt. Då var det nok å gjere i hus og heim. Husarbeid, mat og klede, og etter kvart barn som fylte arbeidsdagen. Eg treivst godt i heimen og med arbeidet, fortel Solveig som tidlegare i vår flytta til Hå sjukeheimen. Før det budde ho saman med Harald på bu- og velferdssenteret i åtte og eit halvt år.

Begge synest det er ei grei ordning, og begge har det trygt og godt. Harald kjem ofte på besøk til Nærbø, og barna kjem også innom på begge plassar.

Solveig og Harald har seks barn, 23 barnebarn og 24 oldebarn. Sist søndag var dei i barnedåp til det yngste oldebarnet Silje som vart døypt i kjolen som mor til Solveig sydde rundt 1903.

Aktiv og engasjert

Harald var den aktive med oppgåver både i misjon og særleg innan utvandringa til Amerika og Canada. Det meste av tida hans gjekk imidlertid til arbeidet på garden der han kjøpte si første mjølkemaskin i 1946. Han var også veldig oppteken av dyrehald, særleg ku og gris. I 19 år arbeidde han med livdyr i Agro.

– Eg minnest at det var eit slit å byggje opp gardsdrifta, både arbeidsmessig og økonomisk. Då det var som verst, siterte Solveig orda «Lover den Herre som deg i sin stand giver lykke. Han som med tusener velsignelser vet deg å smykke». Det gjorde godt og var til stor oppmuntring.

I fleire tiår var Harald med i kretsstyret for Santalmisjonen, noko han har fått Kongens fortenestemedalje for. Frå Sons of Norway har han fått Leiv Erikssons medalje for boka om utvandringa frå Varhaug til Alberta i Canada og restaureringa av «Restauration» til 175-årsjubileet for utvandringa.

Guds stemme

Då Solveig og Harald gav frå seg garden til den eldste sonen, valde dei å flytte frå garden. Teikningar og planar var klare for nytt hus på garden, men det baud Harald imot å byggje på den gode jorda.

– Eg var alltid tidleg om morgonen. Ein morgon eg var åleine høyrde eg ei klar stemme som sa «flytt vekk». Eg trur dette var Guds stemme, fortel Harald som då hadde sett seg ut eit hus. No var det til sals.

– Bror til far bygde huset og det var på heimegarden der Solveig vaks opp. Eg gjekk og kikka i huset. På ei fotlist som var riven av, fann eg ein liten lapp som hengde på ein spiker. På lappen stod det «Du skal få bo i fredens bolig». For meg var dette eit mannakorn. Vi kjøpte huset og budde der til vi flytta på bu- og velferdssenteret, seier Harald og legg til at no har eldste son teke over huset.

Aldri kjegla

Gjennom gode og tyngre dagar har Solveig og Harald kjent at «Vårherre har styrt det ufatteleg godt» - som Harald uttrykkjer det.

– Vi er takksame for han som har halde handa si over oss og velsigna oss stort, seier Harald.

– Har de kjegla nokon gong?

– Nei, vi har aldri kjegla, seier Harald og Solveig nikkar. – Men vi har vore usamde og diskutert. Å kjegle låg ikkje for Solveig, og eg hadde vit til å halde kjeften, smiler Harald.