Johannes Risnes
Johannes Risnes, f. 1957.Oppvaksen i Risnes, Fjotland/Kvinesdal.Elektroingeniør av utdanning, arbeidd med å bygga trafostasjonar i over 30 år.Mellom stasjonane i Rogaland er f.eks. Kleppemarka, Stokkeland, og nye Svanevannsveien i Egersund.På fritida har det blitt ein del slektsforsking og lokal og familiehistorie.
Når ein kjem frå Fjotland/Kvinesdalen er utvandringa til Amerika å rekna for lokalhistorie.
I min familie har vi reist fram og tilbake over Atlanterhavet i 6 generasjonar.
Fyrste turen vart gjort i 1868, og formødre og forfedre har budd over det amerikanske kontinentet frå Brooklyn, NY til Tacoma, WA.
I foredraget tar vi "eitt steg til sida", både i familiehistoria og den mest vanlege utvandrarhistoria, og fylgjer grandonkel Gabriel på turen frå Risnes i Fjotland til tømmerhoggarleiren i Michigan.
Kvifor reiste han til Michigan, og korleis gjekk det med han i Amerika?
Gabriel var ein av 6 brør som gjorde denne reisa.
For å halda kontakta både med brørne i USA og slekta heime skreiv og sende dei postkort.
Dåtidas tekstmeldingar eller SMS.
Mange av desse postkorta vil bli bruka for å illustrera foredraget.